Fossestien

Fossestien er tydleg merka med raud F, retningspiler, namneskilt og avstandar. Vandringa går vekselvis på sti, trebruer og klopper langs elva og i ulikt skogsterreng. Du passerar fleire stølsområde og ein støl er framleis i dagleg drift. Nedste dalen har eit trant juv med bratte sider, ein liten canyon. Stien går gjennom frodig vegetasjon med rikt dyre- og fugleliv, men også tett forbi kulturlandskap med aktiv gardsdrift.Du kan starte vandinga der du vil. 4 stadar er tilrettelagde med skilt, kart og parkeringar: Tornesstølen, Longestølen, Likholefossen og Eldal.Stien er kupert og fottøyet må vere godt. Vandrevegen høver ikkje til sykling eller riding.

Fossestien er ein vandreveg frå Gaularfjellet til Viksdalen, 21 km med høgdeskilnad på 500 m. Stien fylgjer gamle stiar opptrakka av dyr og menneske. På strekninga er 14 større fossar og 7 vatn. Denne flotte naturstien fylgjer den eine hovedgreina av Gaularvassdraget, som vart varig verna i 1993 etter mange års strid.

 

www.fossestien.no

Dagleg transportservice frå Hov Hyttegrend kl. 10:00 for vandring på Fossestien. Kr 50,-/30,- pr. person