Aktivitetar

Som gjest ved Hov Hyttegrend kan du lett ha eit aktivt friluftsliv og få fine naturopplevingar. Området er kjend som eit av dei aller beste i landet for sportsfiske i elvar og vatn (aure). Båt, kano og badeplassar er alltid rett utanfor døra. Fossestien og andre merka og umerka turar til fots er svært populære med transport-service og gode kart. Om hausten er det mykje blåber, tyteber og sopp. Kan hende finn du molter også, men dei må du leite opp sjølve.